Huset ligger på Urke i den vakre Norangfjorden.
Urke er ei lita bygd midt i Hjørundfjorden med omlag 50 fastboende, ei levandes lita bygd, romantisk med berre ein smal veg, det er nesten som å gå tilbake i tid. Men her har ein alt ein treng, flott natur, tur og bademuligheiter, butikk med post og apotek, Gartneri og eigen pub/kaffe med flott uteplass nede på brygga.
Naturen i området er fantastisk og mange av dei mest kjente fjella i Sunnmørsalpane ligg rett utenfor døra, kan nevne den majestetiske Slogen og Saksa som har blitt kjempepopulær etter at sherpaer fra Nepal har laga trappetrinn opp igjennom ura, flotte Skårasalen, Stålberghornet ,Urkedalstindane og mange fleire ligg berre eit steinkast ifrå. Dei fleste av fjella her i området er like populære for skituristar over heile verda om vinteren som for fjellturar på sommaren i variert vanskelighetsgrad.
Fra huset er det panoramautsikt til fjorden og de majestetiske fjella , delar av sommaren/hausten kjem hurtigruten inn i fjorden kvar dag og passerer rett rett nedenfor huset, og legger til nede ved kaia slik at turistane får komme i land. Huset har 4 soverom og kan huse opptil 8 personar. Huset leiest ut både sommar og vinter. Her er privat brygge og muligheit for å leige båt og 2 kajakker. Huset har allt ein treng, med 2 bad og 3 toalett, fullt utstyrt kjøkken, fryser og vaskemaskin. I nabobygda Øye har du det kjente Hotell Union Øye som er åpent sommerhalvåret. Det kan friste med fantastiske måltider i utsøkte omgivelser ved dette historiske hotellet med særpreg av det heilt spesielle. Her har det budd mange kjente personar som kongar fra heile verda.
Ta turen hit til Urke og opplev den flotte naturen som Norge har å by på.
19. januar 2017 17:38